Eigenpleie

Please enable the breadcrumb option to use this shortcode!

For personar med nedsett kjensle i beina er det spesielt viktig å være merksam på at saumar frå sokken, stein i skoen og liknande kan gjere at det oppstår sår utan at ein merka det. Har ein fått påvist diabetes, så er dette særskilt viktig å ta alvorleg.

Inspiser føtene kvar dag, bruk gjerne ein spegel med langt skaft for å kunne sjå under foten. Kontakt autorisert fotterapeut eller lege dersom det oppstår blemmer, kutt, rifter eller sår på huda.

For å bevare føtene som skal bære oss livet ut er det viktig med eigenpleie

  • Regelmessig fotvask. Maks 5 minutt. Bruk fotsalt eller såpe med pH 5. Grønsåpe har pH 10 og er ikkje eigna sidan den tørkar ut huda. Tørk alltid godt mellom tærne for å unngå fotsopp.
  • Smør føtene kvar dag for å halde huda mjuk og elastisk. Fotterapeuten vil hjelpe deg med å finne ein krem som passar for deg og din hudtype.
  • Klipp neglene etter den anatomiske forma. Nokre skal klippast rett over medan andre er meir avrunda. Ikkje klipp for langt ned i neglefalsen eller for kort då dette kan føre til nedgrodd negl og auka risiko for infeksjonar. Negla si oppgåve er å beskytte neglesenga og tuppen på tåa.
  • Bruk sokkar i ull, bomull eller bambus som ikkje strammar. Saumlause sokkar er spesielt eigna til diabetikarar og andre som kan har nedsett blodsirkulasjon i beina. Personar med neuropati merkar ikkje gnag og sår som kan oppstå.
  • Det er viktig å velje rette sko. Fotterapeuten hjelper deg med skorettleiing.

Kontaktinformasjon

Ragnhild Fotklinikk
Kvernhushaugane 7
Knarvik Sjukeheim
5914 Isdalstø

Telefon: 916 63 713
E-post: ragnhild@rafot.no

Kontakt oss

Har du spørsmål til nokre av behandlingane? Ring eller send ei melding via kontaktskjemaet, så kjem eg tilbake til deg!