Produkt

Ragnhild Fotklinikk sel kvalitetsprodukt for dei fleste behov. Spør meg om utvalet, så finn me ut av kva du treng!

Gehwol kremer og salver

Eit kvalitetsmerke som har over 140 års erfaring med utvikling av fotpreparat. Passar for deg som har tørr, sprukken hud, kalde føter eller er plaga med fotsveitte. Om ein smørjer føtene dagleg vil huda verte mjuk og elastisk.

Sko frå Basisfot

Utvalde sko frå Basisfot, Telle og New Feet med ekstra breidde og god demping. Rette sko er viktig for god fothelse.

Optima hudpleieprodukt

Alle Optima sine produkt er utarbeidde etter det økologiske prinsippet med låg PH-verdi for å bevare den rette bakteriefloraen. Dersom du er plaga med tørr hud, kløe eller at huda på føtene sprekk bør du prøva Optima.

Sokkar frå Ametrine

Sokkar i ull og bomull som ikkje strammar og held god kvalitet. Særleg eigna for personar som har problem med blodsirkulasjonen.

Kan vaskast på 60 grader.

Utrolig – universalsalve

Dette er verkeleg ei universalsalve, som fungerer fint på dei aller fleste deler av kroppen og er mellom anna kjempegod for tørr og sprukken hud, ømme føter og gnagsår.

Kontaktinformasjon

Ragnhild Fotklinikk
Kvernhushaugane 7
Knarvik Sjukeheim
5914 Isdalstø

Telefon: 916 63 713
E-post: ragnhild@rafot.no

Kontakt oss

Har du spørsmål til nokre av behandlingane? Ring eller send ei melding via kontaktskjemaet, så kjem eg tilbake til deg!