Behandling
Fotterapeuten – ein naturleg del av helsetenesta
Vi behandlar og førebyggjer lidingar knytta til hud, musklar, skjelett og neglar.
Oppsøk fotterapeut om du har:

- Fotvorter
- Hard hud
- Tornar
- Sopp i hud eller negl
- Negleplagar
- Hudproblem
- Smerter i føtene
- Sirkulasjonsproblem
- Muskel- og skjelettlidingar
Ei av dei viktigaste oppgåvene er å finne årsaka til problemet, og gi individuell behandling og rettleiing tilpassa kvar pasient. Det er spesielt viktig for personar med nedsett blodsirkulasjon og følelse i beina å oppsøkje fotterapeut for å forhindre sår, feilstillingar og smerter i føtene. I samråd med fotterapeuten kan ein førebyggje desse plagene.
Ei fotterapibehandling gir også pleie til føtene og auka velvære. Du må altså ikkje ha problem med føtene før du oppsøker oss.