Avlasting

Føremålet med avlastingar er å redusere smerte, optimalisere gangfunksjon, førebyggje sår og hard hud m.m.

avlastning

Filt

Ullfilt er eit ypparleg materiale for å avlaste ulike problem som sår, vorter, tornar m.m. Det vert limt direkte på foten og gir smertelindring med ein gong.

Hard hud og tornar oppstår ved for stort trykk og friksjon mot foten, men ved avlasting fordelar ein trykket over eit større område.




silikon

Silikon

Silikon brukast til ulike avlastingar og korrigering av tær og feilstillingar som hammartær og halux valgus. Den vert forma individuelt og ligg laus på foten og kan brukast i vanlege sko.






spange2

Spange

Spange er ei plastbrikke som vert brukt ved nedgrodd negl. Den løftar negla i neglefalsen så den får vekse fint fram.






Sålar og sko

Skoen påverkar foten under gange og aktivitet. Feil sko er årsaka til 90% av feilstillingane vi har i føtene. Individuelt tilpassa sålar saman med dei rette skoa optimaliserer ein gangfunksjonen og det kan føre til smertelindring, ikkje berre i føtene, men også kne, hofte, rygg og nakke.

Rette sko saman med avlastning, kan på eit tidleg tidspunkt hindre behov for operasjon. Avlastningar kan også gi akutt hjelp før eventuell vidare behandling hos ortoped.