Eigenpleie
For å bevare føtene som skal bære oss livet ut er det viktig med eigenpleie
- Regelmessig fotvask. Maks 5 minutt. Bruk fotsalt eller såpe med pH 5. Grønsåpe har pH 10 og er ikkje eigna sidan den tørkar ut huda. Tørk alltid godt mellom tærne for å unngå fotsopp.
- Smør føtene kvar dag for å halde huda mjuk og elastisk. Fotterapeuten vil hjelpe deg med å finne ein krem som passar for deg og din hudtype.
- Klipp neglene etter den anatomiske forma. Nokre skal klippast rett over medan andre er meir avrunda. Ikkje klipp for langt ned i neglefalsen eller for kort då dette kan føre til nedgrodd negl og auka risiko for infeksjonar. Negla si oppgåve er å beskytte neglesenga og tuppen på tåa.
- Bruk sokkar i ull, bomull eller bambus og som ikkje strammar. Saumlause sokkar er spesielt eigna til diabetikarar og andre som kan har nedsett blodsirkulasjon i beina. Personar med neuropati merkar ikkje gnag og sår som kan oppstå.
- Det er viktig å velje rette sko. Fotterapeuten hjelper deg med skorettleiing.
Risikopasientar
For personar med nedsett kjensle i beina er det spesielt viktig å være merksam på at saumar frå sokken, stein i skoen og liknande kan gjere at det oppstår sår utan at ein merka det.
Inspiser føtene kvar dag, bruk gjerne ein spegel med langt skaft for å kunne sjå under foten. Kontakt autorisert fotterapeut eller lege dersom det oppstår blemmer, kutt, rifter eller sår på huda.